Norge har vore ein pionér i den internasjonale innsatsen mot øydelegging av regnskog i meir enn ti år. No ser vi resultat på alle kontinent.
Signaleffekt
Gabon har som første land i Afrika redusert avskoginga så mykje at det utløyser ei utbetaling. Gjennom den reduserte avskoginga har Gabon spart atmosfæren for mer enn fem millionar tonn CO2. Utsleppsreduksjonane i seg sjølv er viktige, men forhåpentleg kan resultatutbetalinga også bidra til at fleire land i regionen ser at målretta politikk verkar.
Gabon er del av regnskogen i Sentral-Afrika, Kongobassenget, som er verdas nest største regnskog. I tillegg til å lagre enorme mengder karbon, er han spesielt artsrik og verdfull. Gabon har sett seg som mål å bevare 98% av skogen, som dekkjer 88% av landet. Det er ei svært ambisiøs målsetting.
– For eit land som Gabon, med ei avskoging som allereie er låg, er det desto meir imponerande å redusere avskoginga. Å halde avskoging på eit stabilt lågt nivå er svært krevjande, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Gabon vil bruke pengane til å investere i ytterlegare utsleppsreduksjonar samt utviklingstiltak helt ned på landsbynivå.
– Gabon viser at det er mogleg å balansere god arealpolitikk og bærekraftig bruk av regnskogen med nyskaping og arbeidsplassar, seier Rotevatn.
Viktig tryggingspolitikk
Trass i at Gabon har store ambisjonar, aukar avskoginga elles i regionen alarmerande raskt. I tillegg til å auke dei globale utsleppa, er avskoginga ein trussel mot levekår og matproduksjon i store deler av Afrika. Dersom utviklinga ikkje snur, vil konsekvensane som følgje av konflikter og migrasjon strekkje seg langt ut over det afrikanske kontintentet. Regnskogane er avgjerande for både klima, natur og biologisk mangfold, nedbør og matproduksjon – og dermed også for fred og stabilitet. Difor har Norge og Europa ei tryggingspolitisk interesse i at avskoginga blir redusert.
Om norsk regnskogsatsing og CAFI
- Norge brukar tre milliardar bistandskroner på regnskogbevaring kvart år.
- Fleirgivarinitiativet CAFI (Central African Forest Initiative) består av Norge, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og EU.
- CAFI har avtaler med Gabon, DR Kongo, Republikken Kongo, Kamerun, Den Sentralafrikanske republikk og Ekvato